I følgje UDI delte norske myndigheiter ut meir enn 37.000 arbeidsløyve i 2005, noko som er 33 prosent fleire enn i 2004. Trass i den merkbare innvandringsauka går arbeidsløysa i Noreg ned. Tal frå Aetat viser at arbeidsløysa i bygg- og anleggbransjen, som er den bransjen som truleg er mest utsett for arbeidsinnvandring, har gått ned med heile 19 prosent det siste året.
Arbeidsinnvandring følgjer situasjonen på arbeidsmarknaden. Land med stort arbeidsbehov får fleire innvandrarar enn land med lite arbeidsbehov. Det er denne dynamikken som har gjort at Noreg dei to siste åra har motteke fleire austeuropearar enn Sverige, men langt færre enn Irland.
Venstre meiner tida er inne for å fjerne overgangsreglane, slik at moglegheita for å bu og arbeide i Noreg blir lik for alle EØS-borgarar.