Magnhild Sægrov
Magnhild Sægrov, Foto: Privat

Venstre deltek på språkdebatt

Språkpolitikk for framtidas Sogndal, ein nynorskkommune i vekst

I denne politiske debatten like før kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 vil me ta opp
lokale kulturmøte gjennom dialektar og målformer. Sogndal kommune fekk for to år sidan ein
språkbruksplan, og korleis vil dei politiske partia jobba vidare med planen, praksisane og
evaluering?
Aktuelle spørsmål
Er det moderne å anglifisera bedriftsnamn også i Sogndal? Kva rolle har biblioteka som
kulturberarar i kommunen? Korleis kan Sogndal kommune setja krav til språk ved innkjøp av
produkt og tenester? Kva ansvar har Sogndal som nynorskkommune og ei regional kraft?

Sogndal mållag ønskjer å ta opp desse spørsmåla og inviterer dei politiske partia med valliste
i Sogndal kommune til debatt.

Program:
• Innleiing ved Sogndal mållag
• Presentasjon av deltakarane og ordstyrar
• Debatt
• Spørsmål frå publikum
• Oppsummering

Venstre deltek sjølvsagt og sender 2.kandidaten vår Magnhild Sægrov