Har du lyst til å bidra til at Venstre skal få fleire velgarar? Kanskje ei eller fleire vakter i valgboden på Torgalmenningen er noko for deg? Kvar valkamp er det open valgbod i dei tre siste vekene før valet. Frivillige betjenar boden, der ein møter potensielle velgarar. Opplæringskvelden tek for seg arbeidet i valgboden, og ikkje minst korleis ein kan svare på viktige og vanskelege spørsmål, samt korleis ein kan profilere hovudbodskap. Du møter både Sveinung Rotevatn – 1.kandidat i Hordaland valkrets, og “gamle ringrevar” som har stått i valgboden før denne kvelden.
Arrangementet 10.august passar for dei som har tenkt/ har lyst å gjere ein innsats i valgboden og passar derfor veldig godt for medlemmer i Bergen eller kommunane rundt Bergen. Dersom du har treng meir info i forkant, ta gjerne kontakt på mob 99522847