Sti over Bø Torg, BøBlad

Årsmøte for 2020 i Midt-Telemark Venstre 27.januar!

Me kallar med dette inn til årsmøte for 2020 i Midt-Telemark Venstre. Det vert halde på kommunehuset onsdag 27. jan. 2021 kl. 19 – 21.

Årsmøtesaker:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  2. Val av møteleiar og referent og folk til å signere protokollen.
  3. Årsmelding 2020
  4. Rekneskap 2020
  5. Kontingent, budsjett, aktivitetar.
  6. Val av styre, leiar og varamedlemer
  7. Val av revisor
  8. Val av valkomité
  9. Val av to delegatar til årsmøtet i Vestfold og Telemark Venstre 13.–14. feber. 2021.
  10. Fråsegner

Årsmøtedokument blir send ut seinare eller presentert på årsmøtet.

Har du framlegg til fråsegn som kan leggast fram på årsmøtet i Vestfold og Telemark Venstre, eller andre saker du ønskjer at vert teke opp, er det flott og velkomment. Lag eit framlegg på førehand og send meg, så er det enklare å få det gjennom i årsmøtet. Meld inn fråsegn eller saker til meg seinast 17. januar.

For å ha stemmerett på årsmøtet må du ha betalt kontingent for 2020. Er du i tvil om du har gjort det, så ta kontakt.

Årsmøte vert kombinert med medlemsmøte. Tema vert sendt ut seinare. Det vert også bevertning.

Vel møtt!

Beste helsing,

for styret i Midt-Telemark Venstre

Steinar Sæland