Barnehagar og skular skal ha nok ressursar til å gje borna våre eit trygt og motiverande oppvekstmiljø. Vi vil ha fleire helsesjukepleiarar, miljøarbeidarar og fagpersonar med kompetanse utanfor det reint pedagogiske, slik at lærarane får meir tid til å undervise, Vi vil ha kvalifiserte, motiverte lærarar med konkurransedyktig lønn, slik at elevane oppnår meistring, får motivasjon og ei god utdanning.
Stryn Venstre vil:
- Sikre ei betre grunnbemanning i barnehagane, med tanke på utvida opningstider.
- Få eit sterkt PPT med fokus på tidleg innsats, allereie i barnehagen.
- Ha ferieopne barnehagar.
- Samle skule og barnehage i oppvekstsenter ved Vikane skule.
- At alle barnehagane og skulane blir godt vedlikehaldne og har ein tilfredsstillande standard.
- Innføre 5-dagars skuleveke.
- Sikre at rammetimetalet i skulen blir oppretthalde.
- Redusere tal elevar pr. kontaktlærar.
- Styrke laget rundt eleven i barne- og ungdomsskulen.
- Legge tilrette for alternative SFO tilbod.
- Ha tidleg innsats gjennom tett samarbeid mellom helse og oppvekst.
- Byggje ny ungdomsskule.
- Ha betre og tryggare overgang mellom barneskule og ungdomsskule.
- At Stryn kommune framleis sikrar eit godt tilbod ved Stryn VGS.
- Sikre gode trafikale tilhøve ved skular og barnehagar i kommunen.
- Prioritere skuleskyss der det er farleg skuleveg.