som mitt lokallag og vis relevante nyheter på forsiden
som mitt lokallag
Våre kandidatar
Ål Venstre sine kandidatar for kommunevalget i Ål 2023 finn du her, mens politikken vi går til valg på og vil jobbe for kan du lese i programmet vårt.
Listekandidat nr 1 er Sissel Urke, 57 år. Sissel er opprinneleg frå Sunnmøre, men har budd på Ål sidan 1992. Ho er utdanna psykiatrisk sjukepleiar og Familieterapeut, og arbeider i Hallingdal barnevernsteneste.
Sissel har vore politisk engasjert og folkevald dei siste 20 åra, både i Kommunestyret, ulike sektorutval og i Fylkestinget. Siste perioden har ho vore nestleiar i Sektorutval for kultur og oppvekst.
Det som skapte hennar engasjement for politikk var klimautfordringane på 80- talet, med drivhuseffekten på ozonlaget. Dei seinare åra har trusselen på naturmangfaldet og kommunen sitt ansvar for arealforvaltning fått større plass.
“Eg er veldig glad i ålingsfjella, og er gjerne på tur både sommar og vinter. Når ungane budde heime var eg engasjert i fleire lokale kultur- og idrettsaktivitetar, og er djupt imponenert over alt det gode frivillige arbeidet som blir utført her på ÅL, og som er ein viktig faktor for at Ål er ein god stad å bu og vekse opp. Samtidig tenkjer eg vi alltid kan bli betre på å inkludere dei som ikkje finn seg til rette på Ål”.
Listekandidat nr 2 er Ingvild Kringlebotten Stautland. Ho kjem opprinneleg frå øya Bømlo i Sunnhordland, men har hatt adresse på Ål i 16 år. Ingvild er ei engasjert ungdomsmor med brei erfaring frå ulike roller i helse, oppvekst og organisasjonsarbeid. Ho er 47 år og har grunnutdanning som lærar. Ingvild har tatt ulike vidareutdanningar innan leiing, helse og oppvekst. I to periodar har ho vore Kyrkjepolitikar i Tunsberg Bispedømmeråd og medlem av Kyrkjemøte. Den siste fireårsperioden var ho valgt inn for Open folkekyrke. Ingvild jobbar nå i Familienshus, avdeling PPT, på Ål. Ingvild er opptatt av samskaping i møte med nye utfordringar me som går imot, når det gjeld m.a. strukturendringar i samfunn og relasjonar, miljø og klima. «Eg har alltid hatt lyst til å engasjere seg meir i lokalpolitikken, og tida kom nå».
Listekandidat nr 3 er Trine Trintrud. Ho er 53 år og kjem frå Kristiansand. Trine kom til Ål i 1992 for å jobbe på Vats Turistheim. I 1995 starta ho å jobbe i Ål kommune som regnskapsmedarbeidar, seinare som regnskapssjef og ein liten periode økonomisjef. Etter 23 år i Ål kommune kom klesbutikken Motehjørnet for salg, og ho slo til. Ho elskar jobben sin, og føler at ho er viktig for folk og lokalsamfunnet. Trine er allsidig og liker å prøve/lære nye ting. Kor, swingklubb, hagelag, Deaf Aid bruktbutikk har engasjert ho. Ho har og vore styremedlem i Gjensidige Hallingdal og varamedlem til styret for Skatteoppkreveren for Hallingdal. «Jeg tror på demokratiet og folkestyret, og har tenkt at det er min tur til å ta ansvar i politikken, derfor har jeg sagt ja til å stå på liste til kommunevalget i 2023».
Listekandidat nr 4 heiter Kine Stuve Eriksen. Ho er 36 år og Åling.
Kine er erfaringshøster som har vært heldig å ha fått arbeidsopplevelser i blant annet helsevesenet, salg og service og lokalmatbransjen. Ho er trufast frivillig på Sundreball og lidenskapelig opptatt av blomster, god mat óg at den mentale helsa er like viktig som den fysiske. Ho er forøvrig også helt fersk i politikken.
Listekandidat nr 5 er Lars Brattåker Gjengedal. Han er 49 år, gift og har to born på Ål ungdomsskule. Lars er Systemingeniør i Hafslund Eco. Han har vore ein periode i Sektorutvalg for kultur og oppvekst. På fritida er han håndballtrenar for Ål IL J13, og har hatt nokre år som fotballtrenar. Han er glad i å stå på ski.
Listekandidat nummer 6 er Thorleiv Rotneim Sire . Han er 70 år og Tørping (Ø er viktig her)
Thorleiv er født og uppvaksen på Torpo. Han har budd og arbeida i Oslo frå 1970 til 1994. I 1994 overtok han gard i Siregardane på Torpo, der han har dirve med Ammeku/kjøtproduksjon sida 1994, og Kashmirgeit (Kulturlandsskaps pleiere) siste 10 åra. Han har erfaring som sjøvstendig næringsdrivande og daglig leder i salgsselskap /elektro i Oslo, eigar sammen med son. Han har «viku pendla» Torpo -Oslo fram til pensjon. Thorleiv har vore interessert i politikk sidan EEC kampen/avtemminga i 1972.
Saker han er engasjert for lokalt er særskilt; Landbruk, naturressurser, beitebruk, begrense nedbygging av natur/utmark, både for husdyr , vilt og folk. Bærekraftig utvikling og å ta vare på og restituere kulturlandskap, generelt og stølskulturlandskapet spesielt.
Elles: «Mykje ute til fots og på skiu, mest på Veståsen».
Listekandidat nummer 7 heiter Eli Torpe- Rullestad.
Ho er 56 år, kjem frå Torpo og flytta tilbake til Torpo i 2016. I mellomtida har ho budd i Sogndal, Ål, Haugesund og Winchester i England
Eli har arbeida som lærar/ rådgjevar ved Ål ungdomsskule, Dagleg leiar i Skjold il, Miljøarbeider i Ål kommune, Sjølvstendig næringsdrivande og dagleg leiar hjå Makalaus Mat AS.
“Saker eg er opptatt av er mange, men eit bra skulevesen for alle gjennom inkludering og mangfold er viktig!”.
Listekandidat nummer 8 heiter Jostein Skår- Ekse. Jostein er 52 år. Han har brei yrkeserfaring ; elektriker, via TV-produksjon, til økonomi og innkjøp. Han har jobba i det private, i bedrifter som TV2 og SpareBank 1, og i det offentlege i blant anna Bane NOR og Ål kommune. Jostein har formell kompetanse på offentlege innkjøp, men jobbar no som innkjøpar på Hallingplast.
Jostein er oppvaksen på Ål, men har budd 17 år i Bergen, og er Brann supporter. Han har brukt mykje av fritida si dei siste 10 åra som fotballtrenar, styremedlem og kasserar i Ål IL Fotball. Jostein har ikkje drive med politikk tidlegare, men er generelt samfunnsinteressert. Han har interesse for energi, klima og økonomi. Han har og engasjement rundt utfordringa samfunnet har med utanforskap; Ungdom eller vaksne, som ikkje finn sin plass innanfor A4 ramma i samfunnet. Dette gjeld både dei som slit med utfordringar, og dei som treng å utfordrast.
Listenummer 9 heiter Anniken J. Teigen og er helsesjukepleiar. Ho arbeider no i Familiens hus og er fagleiar på Ål helsestasjon. Ho har tidligare arbeidd som sjukepleiar på ulike avdelingar på sjukehus og ulike avdelingar i kommunen. Anikken er særleg oppteken av barn sin oppvekst og korleis ein best mogleg kan leggje tilrette for gode barnekår.
Listenummer 10 heiter Anne Solbjør Kaslegard. Anne er 49 år og bur i Øvre-Ål. Som leiar av Drammensbiblioteket lever ho pendlarlivet og er stamkunde hjå Vy mellom Ål og Drammen. Ho er andre vara til kommunestyret og har sete i styret til Ål Venstre frå 2019-21.
Anne er oppteken av at Ål skal vere eit levande lokalsamfunn, også i framtida. Det kjem ikkje av seg sjølv! «Eg er imponert over alt initiativet som finst i Ål – alle gode krefter som gjer Ål til ein bra plass å bu!».
Listenummer 11 heiter Ellen Oppsato Mikkelrud.
Ellen er utdanna frisør og vernepleiar. Nå arbeidar ho som miljørettleiar ved Nedre-Ål skule og Ål ungdomsskule. Ho elskar å strikke og er glad i å være på hytta på Nordmøre.
Politisk er ho opptatt av at barn, unge og vaksne som av ulike årsaker treng tilretteleggingar, skal møtast med forståing og rett kompetanse slik ar dei, så tidlig og raskt som råd, får dei tilretteleggingane dei har behov for.
«Eg meinar at innhaldet og kompetansen i skule og barnehage er viktigare enn kor skulen/barnehagen ligg, og at det tverretatlege samarbeidet for barn og ungdom må definerast betre. Kven gjer kva når?»
“Eg stiller til valg på Ål venstre si liste fordi eg meiner Venstre er det partiet som ivaretek den individuelle og kulturelle ulikskapen i menneska best.
Godt valg“.
Foto: Brye Foto
Sist redigert
Bli med på laget
Venstre bygger på aktive og engasjerte frivillige. Sammen kan vi skape ei grønn framtid med frihet og muligheter for alle. Bli med og ta Norge framover!
Hjelp oss å fylle opp valgkampkassa – hvert bidrag, stort eller lite, gjør en forskjell for et parti som står på egne ben uten støtte fra store organisasjoner. Vipps til Venstre: #10224