Volda Venstre – arbeidsprogram 2023 – 2027

Volda Venstre – arbeidsprogram 2023 – 2027

 

Venstre vil ta vare på naturmangfaldet

Venstre vil at vi skal ta vare på naturen. Det betyr ikkje at vi skal stanse utviklinga av kommunen eller næringslivet, men sørge for at verdiskapinga ikkje går på bekostning av naturen.

Kampen for å kutte klimagassutsleppa er viktig også lokalt. Det er summen av små og store grøne handlingar og tiltak som vil gjere Norge klimanøytralt. Difor treng Volda ein ny og ambisiøs klimaplan.

Volda Venstre vil

– at miljø- og berekraftmål skal vere med i alle utviklingstiltak

– at kulturlandskap, jordvern og biologisk mangfald vert ivaretatt

– utvikle sentrumsområda med gode møteplassar, grøne lunger, bustadmiljø og estetiske verdiar

– styrke VØR, og arbeide for gode resirkuleringsordningar

– ha fleire soner med lågare fart i sentrums- og bustadområde

– ivareta historiske miljø

– legge til rette for syklistar og «mjuke trafikkantar», og gjere det lettare for person- og varetransport med

el-køyretøy

– at kommunen må tenkje energisparing i nye bustadfelt, i eigne bygg og ved alle innkjøp

– vere restriktive til bygging av høghus over eksisterande mønehøgde på omliggande busetnad

– få vurdert utvida vernestatus for fjellområda kring Matøskja

 

Venstre prioriterer skule og barnehage

Utdanning er nøkkelen til ei god framtid. Difor skal Volda vere ein av dei fremste skule- og kulturkommunane i landet. Det er gjennom utdanning vi jamnar ut sosiale ulikskapar og gir alle like mogelegheiter i livet. Og elevar har ulike føresetnader, interesser og behov.

Volda Venstre vil:

  • at barnehagar og skular skal ha nok ressursar til å vere i landstoppen
  • ha oppdaterte dataverktøy også på nynorsk for elevar i grunnskulen
  • ha ei god helsesjukepleiarteneste og få fleire møljøarbeidarar i skulen
  • styrke song- og musikktilbodet for barn og unge gjennom eit forpliktande samarbeid mellom frivillige lag, kulturskulen og SFO

  • fremje lesing i skulen og meir bruk av fysiske lærebøker
  • oppretthalde skulestrukturen der elevtalet tilseier det
  • sikre at spesialundervisninga vert gitt av faglærde
  • legge til rette for etterutdanning av lærarar og førskulelærarar
  • oppgradere Mork skule
  • arbeide for trygge skulevegar og trygg skuleskyss
  • innføre ei ordning med prisreduksjon og friplass i kulturskulen for å jamne ut sosiale og økonomiske ulikskapar

 

Venstre ynskjer ein næringsvennleg kommune med levande lokalmiljø

Volda er saman med Ørsta det naturlege midtpunktet i ein spennande region. All den tid vi er to kommunar, må Volda ta sin sjølvstendige del av å utvikle regionen – samstundes som vi går vidare i det strategiske samarbeidet med Ørsta. Vi vil legge til rette for eit rikt, variert og berekraftig næringsliv der det må bli enklast råd å starte si eiga bedrift. Volda skal også vere ein god vertskommune for offentlege institusjonar.

Volda Venstre vil

  • krevje betre mobildekning og kollektivtilbod i heile kommunen
  • at alle i kommunen skal ha tilgang til likeverdige tenester

  • realisere Voldatunellen, bygge ny Fv 60 og støtte arbeidet for betre kryssing av fjordane våre. Vi treng også oppgradering av eksisterande vegsamband i kommunen
  • utvikle reiseliv i samarbeid med reiselivsaktørar
  • at primærnæringane framleis skal vere viktige for Volda
  • fullføre reguleringsplanen for Grodås
  • styrke samarbeidet mellom fylke, kommune og næringsliv for å utvikle sentrumsområda
  • støtte arbeidet med ein universelt utforma gangveg langs stranda til «Munken»
  • presentere ideen om prosjektet «Kulturarena Volda»
  • støtte opp om arbeidet med «Grobygget»
  • seie ja til bygging av tursti rundt Rotevatnet
  • at offentlege lokale skal vere lett tilgjengelege for lag og organisasjonar
  • støtte barne- og ungdomstiltak, m.a. ungdomsklubben i samfunnshuset
  • ha ei godt utbygd bibliotekteneste
  • støtte Den kulturelle spaserstokken
  • at Volda skal stå for openheit, vedtak skal ikkje gjerast i lukka rom

 

Omsorg og hjelp til alle som treng det

Eit trygt helse- og omsorgstilbod er viktig for at alle skal ha fridom og høve til å delta i samfunnet. Eldre må få bu heime så lenge som råd. Det skal vere god kvalitet i eldreomsorga for dei heimebuande, og det skal vere trygt og godt å bu på institusjon med god pleie og sunn, velsmakande mat.

Volda Venstre vil

– oppretthalde noverande avdelingar på omsorgssenteret

– ha eit pilotprosjekt med eit mangfald av buformer, med bustader som er tilpassa etter kor godt ein klarer seg sjølv

– ha ei god demensomsorg med god informasjon til dei pårørande

– at eit nytt legesenter i Volda må vere sentrumsnært

– jobbe for eit brukarombod i Volda

– lage ein forpliktande handlingsplan retta mot fattigdom i barnefamiliar

– ivareta dei funksjonshemma sine rettar

– samordne og utvikle betre tenester gjeldande rus og psykiatri

– at Volda skal vere solidarisk med dei som treng hjelp og støtte

– sikre gode rutinar for varig integrering av flyktningar

– arbeide for likestilling og inkludering

– at kommunane på Søre Sunnmøre samarbeider om kjøp av eigedomen Mork Senter med tanke på utvikling av framtidig nye regionale

tenester som til dømes kompetansesenter for demens og demenssjuke