Valprogram
2023-2027
Suldal Venstre
Her kan du lese Suldal Venstre sitt program til kommunevalet 2023. Sammen tar me Suldal framover.
Innhald
Me tar Suldal framover!
Suldal treng fleire og yngre innbyggjarar. Venstre vil ha fokus på å løfta rekrutteringsarbeidet, ha ein aktiv bustadpolitikk, styrka lokalt næringsliv og føra ein tydeleg miljøpolitikk. Folk skal kunna jobba, bu og gå på skule i alle grender. Suldal skal i tillegg til å vera kjent for vakker natur og fantastiske friluftstilbod, synleggjera og aktivt bruka posisjonen som den største kraftkommunen i Norge. Me skal også vidareføra ei av dei beste ENØK-ordningane i landet.
Suldal står framfor ein periode der det kan bli store utbyggingar og store lokale ringverknadar. Skal me greia å skapa varige lokale arbeidsplassar og varige lokale verdiar, må me våga å bruka det økonomiske handlingsrommet kraftinntektene har gitt Suldal.
For å lukkast med å tiltrekkja oss nye innbyggjarar må me også visa kva Suldal har å by på langt utanfor kommunegrensene. Det må leggjast til rette for gode sosiale møteplassar, attraktive og varierte arbeidsplassar, og det må vera gode tenestetilbod i alle grender. Suldal Venstre vil også vera tydelege og stilla krav til utbyggjarane slik at dei tar ansvar for miljø og samfunn. Me vil ta Suldal framover på en målbevisst og framtidsretta måte!
Godt val!
Oppvekst
Venstre vil:
- At alle skulekrinsane i Suldal skal ha ein skule og ein barnehage som skal gje borna våre eit godt oppveksttilbod
- Arbeida for å styrka ungdomskulen i Suldal
- Oppretta sommarskule
- Arbeida for at skulane har nok ressursar, også til transport til svømming, kultur/idrettstilbod og anna
- Sikra god og næringsrik mat i barnehagar og innføra ei prøveordning med gratis skulemat
- Styrka samarbeidet i oppvekstsektoren på tvers av grendene
- Stimulera til alternative undervisningsformer med ein god balanse mellom digitale og andre verkemiddel slik at alle elevane får utvikla dei sterke sidene sine
Samfunn
Venstre vil:
- Utarbeida ein overordna rekrutteringsplan i samarbeid med næringslivet i Suldal
- Styrka samarbeidet med utdanningsinstitusjonar i samarbeid med næringslivet i Suldal
- Arbeida for at enkelte administrasjonsoppgåver kan gjerast i grendene
- Oppretta traineeordning der ein får praktisk og teoretisk erfaring til kandidatar med høgare utdanning som kommunen treng
- Arbeida for ei prøveordning om heimehjelp i samarbeid med frivillighetssentralen med tilbod til barnefamiliar med born under skulealder
- Leggja til rette for sosiale møterplassar på tvers av generasjonar i alle grender
- Føra ein aktiv bustadbyggingspolitikk i heile kommunen og arbeida for attraktive byggeklare tomter i alle grender
- Arbeida for ein stilling som tilflyttingsrådgjevar
- Innføra ei prøveordning med tilskot til 16 åringar som vil ta førarkort for moped, traktor og andre kjøretøy dei kan føra.
- Investera i utvikling av Sand sentrum og alle grendesenter
- Stilla krav og utfordra dei som byggjer ut større anlegg om å bidra aktivt med positiv samfunnsutvikling i Suldal
Miljø
Venstre vil:
- Vidareføra ei av dei beste ENØK ordningane i landet
- Ha gode og sunne fjordar og vassdrag og arbeida for å sikra at Suldalslågen framleis skal vera ei god og sunn lakseelv.
- At Suldal kommune i større grad skal ta i bruk alternative energikjelder ved nybygg, ombygging og tilrettelegging av nye bustadfelt.
- Alternativ med lokale leverandørar skal prioriterast
- Stimulera til gode og bærekraftige løysingar i samarbeid med lokalt næringsliv
- Sikra at det ved hytteutbygging blir tatt tilstrekkeleg omsyn til miljø, villrein, kulturhistorie og tradisjonelt friluftsliv.
- Stilla tydelege miljøkrav til dei som driv anlegg, og til dei som skal bygga ut nye anlegg. Alt som kan skada miljø og klima minimerast og skadene må bøtast.
Næringsliv og arbeidsliv
Venstre vil:
- Legga til rette for eit produktivt og framtidsretta land- og skogbruk i heile Suldal
- Synlegjera Suldal sin posisjon som den største kraftkommunen i landet
- Bruka kraftposisjonen aktivt i forhold til bu og besøksattraktivitet
- Tilrettelegga for kraftkrevjande industri
- Auka kommunen sine innkjøp av lokale varer og tenester og bruka regelverket aktivt til det beste for lokalt næringsliv
- Legga til rette for knoppskyting ved større utbyggingar i kommunen
- Arbeida for at avstandsuavhengige kontor- og andre arbeidsplassar kan bli etablerte i Suldal
- Styrka næringsfonda
- Vidareutvikla reiselivet i kommunen med fokus på å skapa auka sysselsetjing og busetjing
- Arbeida for at alle som bur og vil arbeida i Suldal kan få hjelp til å få seg jobb her
- Arbeida for gode stimulanseordningar for dei som vil skapa sin eigen arbeidsplass
Kultur
Venstre vil:
- Utvikla eit variert tilbod for barn og ungdomar der dei får rikt høve til sjølve å skapa. Det må også bli tilrettelagt for e-sport og gaming
- Arbeida for å få på plass ein Kulturplan for Suldal
- Oppretta eit svømmeskuletilbod på Suldal Bad
- Arbeida for at Kulturskulen får eigna lokaler
- Viderutvikla kultursatsningar i Suldal i samarbeid med profesjonellle aktørar, til dømes gjennom Distriktsmusikarordninga
- Styrka bruken av nynorsk og dialektmangfaldet i Suldal
Organisering
Venstre vil:
- Arbeida for gode møteplassar mellom innbyggjarar og folkevalde, t.d. ved spørjetime/open talarstol, nettløysningar og styrking av grendautvala
- At alle kommunale hovudutval skal strøymast direkte og vera tilgjengelige på nettet
- Gi kommunale råd (t.d. ungdomsrådet) møte og talerett i kommunestyret
- Ha aktiv politisk deltaking i ulike interkommunale interesseorganisasjoner
Samferdsel
Venstre vil:
- Arbeida for å styrka hurtigbåttilbodet
- Ha fullt fokus på Rv13 Rødsliane
- Arbeida for å få ein heilskapleg plan for Rv13 Tau-Håra inn i Nasjonal Transportplan
- Setja av administrative ressurser til arbeid med rassikring på Rv13 i tilknytning til nedsett arbeidsgruppe
- Arbeida for 100% fiberdekning eller tilsvarande teknologi for alle husstandar i Suldal
- Arbeida for gang og sykkelvegar, t.d. på strekninga Steine – Lunde
- Styrka buss og kollektivtilbodet i Suldal, t.d. gjennom løysingar som «Hent meg».
Helse og omsorg
Venstre vil:
- Arbeida for å oppretthalda lokal legevakt, gjerne i samarbeid med andre
- Arbeida for desentralisert helsetilbod i Suldal (t.d. reguleringstannlege)
- Styrka heimetenesta slik at dei som ønskjer det kan bu heime
- Vera garantisten for ei større utbygging av Vinjarheim