Fylkesårsmøtet 2023

 

18.01.2023

Til fylkesstyret, lokallagsleiarane og sideorganisasjonane

 

Innkalling til årsmøte for Vestland Venstre i Bergen

 

Fylkesstyret kallar med dette inn til årsmøte for Vestland Venstre

 

laurdag 11. og søndag 12. MARS 2023 på Grand Bergen, i Bergen sentrum.

 

Fylkesårsmøtet er planlagt å starte kl. 12 laurdag. Avslutning seinast 15.30 søndag.

 

På fylkesårsmøtet vil ein handsame saker i samsvar med vedtektene.

Hovudsak i 2023 vert handsaming av fylkesvalsprogrammet.

 

Førebels sakliste for årsmøtet i Bergen

ÅM-1. Opning og namneopprop

ÅM-2. Godkjenning av innkalling og sakliste

ÅM-3. Godkjenning av program

ÅM-4. Godkjenning av forretningsorden

ÅM-5. Val av dirigentar, fullmaktsnemnd, eventuell supplering av redaksjonsnemnd for fråsegner, møtesekretærar, referentar, teljekorps og signatarar

ÅM-6. Generell politisk debatt

ÅM-7. Fråsegner

ÅM- 8. Årsmelding 2022

ÅM-9. Rekneskap 2022

ÅM-10. Vedtektsendringar

ÅM-11. Handsaming og vedtak av fylkesvalprogram

ÅM-12. Organisasjonsdebatt

Vedtak av plan for valkamparbeidet i fylkeslaget

ÅM-13. Vedtak av budsjett 2023

ÅM-14. Suppleringsval til fylkesstyret

Supplering av landsstyreutsending

Val av valnemnd

ÅM-15. Val av redaksjonsnemnd for neste årsmøte

ÅM-16. Innkomne saker

 

Det er årsmøta i lokallaga og sideorganisasjonane som vel sine utsendingar. Lokallagsleiarane og leiarane for sideorganisasjonane pliktar å spreie informasjonen i denne innkallinga vidare til sine styre og medlemmer. Alle delegatar og observatørar må registrere seg i eit elektronisk skjema som opnar 1.februar. Lenke vert ettersendt.

Vedlagt her er ei oversikt over representasjonsretten for møtet og dermed talet på utsendingar per lokallag/organisasjon. Talet på utsendingar for lokallaga vert rekna ut etter medlemstal (betalande medlemmer per 31.12.) og stemmetal i kommunane ved stortingstingsvalet.

Frist for innsending av endringsframlegg til vedtektene er 1.februar. Det kan gjerast via denne linken.

 

Om ein har innspel til andre saker som fylkesårsmøtet skal handsame, må ein sende desse til fylkesstyret til [email protected] så snart som råd, og seinast innan 1.februar.

 

Endeleg sakliste og program vert utsendt i uke 6.

 

Frist for innsending av fråsegner til årsmøtet er sett til 5.mars

 

Påmelding

Hotellet treng namnelister seinast to veker før møtet og frist for å sende inn fullmaktskjema med utsendingar er onsdag 1. mars. Alle delegatar og observatørar må registrere seg i eit elektronisk skjema som opnar 1.februar. Lenke vert ettersendt.

 

Sakspapira vert sendt til dei påmelde utsendingane seinast 1 veke før møtet.

 

Det er oppretta eit Facebook-arrangement for årsmøtet.

Ein kan også følgje med i nettsaka om møtet for oppdatert informasjon.

 

Prisar

Utsendingane treng ikkje betale noko direkte til hotellet under opphaldet.

Vestland Venstre får tilsendt faktura for heile arrangementet i etterkant og fakturerer deretter lokallaga.

Fylkeslaget tenker at middagen vert dekka, og reiser over kr. 600.

Pris på overnatting på Augustin/Hordaheimen Hotel:

 

Enkeltrom inkludert frokost 1050,-

Dobbeltrom inkludert frokost 1250,-

 

Dagpakke laurdag: kr. 650 ,- per person

Dagpakke søndag kr. 650, – per person

 

 

Dagpakke inkluderer:

  • Leige av møterom
  • Smakfull lunsj som inkluderer kaffi og te
  • Penn og papir i møterom, standard teknisk utstyr (prosjektor, flip over/white board og Wi-Fi)
  • Kaffi og te heile dagen
  • Pauseservering med forfriskingar og lett servering

Overnatting frå fredag

Om nokon ønskjer å reise til Bergen allereie fredag, eller finn det naudsynt grunna lang reiseveg, så er prisen for overnatting i enkeltrom med frukost kr 1050 per person. Denne ekstra overnattinga må delegaten sjølv eller lokallaget betala for.

 

Ta kontakt med Elizabeth eller Kent Are om du har spørsmål.

for fylkesstyret ved leiar Åsta Årøen

 

Beste helsing frå fylkesstyret,