Suldal Venstre vil:
- styrkja samarbeidet mellom heim/barnehage/skule og andre etatar og organisasjonar som rettar seg mot born
- stimulera til eit fruktbart samarbeid mellom dei ulike skulane i Suldal og mellom ungdomsskulane og den vidaregåande skulen
- arbeida for at ungdomsskulen og den vidaregåande skulen har fokus på entreprenørskap
- arbeida for nye liner ved vidaregåande skule basert på det kultur- og idretts-tilbodet Suldal har føresetnader for
- at det framleis skal satsast på gode ordningar for vidareutdanning av pedagogisk personale
- ha fokus på rekruttering av fagpersonale i barnehage og skule
- setja av nok midlar til å vedlikehalda skule- og barnehagebygga
- arbeida for å sikra fysisk aktivitet i skulen
- arbeida for at skulane har nok ressursar slik at elevar som slit får nok hjelp
- arbeida for å sikra at det gode og viktige arbeidet ved Gullingen leirskule held fram