-
Gode og trygge oppveksttilhøve.
Alver Venstre vil prioritere barn og unge øvst, med trygge og gode nærmiljø, samt spennande fritidstilbod. Me vil prioritere det pedagogiske utviklingsarbeidet, ha felles løysingar men og fridom for den einskilde skule til å velje eigne utviklingsområde.
-
Omsorg når du treng det.
Folk vil før eller seinare ha bruk for meir omsorg enn det familien og vener kan gje. Tilbod om lege og anna helsefagleg kompetanse skal vidareførast der dei er. Me vil at kommunen skal spela på lag med dei frivillige laga for å skapa integrasjon og gode lokalmiljø.
-
Klima og miljø
Klimakrisa er her. Me må handle no om dei neste generasjonane skal få overta ein berekraftig jordklode. Energiforbruket vårt må reduserast, naturmangfaldet må hegnast om, og vi må leggja til rette for å betre folkehelsa.
-
Eit mangfaldig idretts- og kulturliv.
Kultur, idrett og friluftsliv har ein stor eigenverdi i seg sjølv knytt til opplevingar, trivsel og folkehelse. Me er opptekne av mangfald og eit mål å skapa gode lågterskeltilbod innanfor kulturlivet.
-
Kommunikasjon og samferdsel.
Det er svært viktig å ha effektive kommunikasjonar, gode bussrutetilbod og vidareutvikling av båtruta mellom Knarvik-Frekhaug-Bergen.
-
Næringsliv.
Alver kommune må vere ein JA-kommune som aktivt legg til rette for utvikling og omstilling av næringslivet. Me skal prioritere berekraftig næringsutvikling og satsa på gründerar.